Ny debatt

bookmark

Religion i det offentlege rommet

torsdag 26. januar 2017, kl. 19:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Kva kan vi som storsamfunn lære av dei ulike religionane? I kva grad kan vi avgrense høvet til å uttrykkje religion? Og finst det noko slikt som ei livsynsnøytral offentlegheit?

Ved å stille desse spørsmåla, og fleire, til eit breitt panel av kunnige i kvar sine felt, vonar vi å finne nokre svar og gjerne freiste å fylle dei polariserande gapa som debatten kan bli prega av.

I panelet: Erik Lunde (KrF), Mina Finstad Berg (SV), Kristoffer Stokkeland (Humanistisk Ungdom) og Mehtab Afsar (Generalsekretær for Islamsk Råd). Emil Andre Erstad (Agenda) er debattleiar.

«Ny debatt» er ein debattserie av og for ungdom som vert arrangert av Litteraturhuset og Barne- og ungdomsorganisasjonene i Oslo (UngOrg), denne gongen i samarbeid med KrFU Oslo.