Og vinnaren er…

bookmark

Tiller, Persen og Lindstrøm om å være nominerte

torsdag 17. januar 2008, kl. 19:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Korleis har ein det, når ein vert nominert til den gjevaste prisen ein norsk forfattar kan få − dersom ho ikkje siktar etter nobelprisen, då? Dei tre som kan skildre kjensla best nett no kjem til Litteraturhuset denne kvelden: Nordisk råd-nominerte Carl Frode Tiller, Merethe Lindstrøm og Synnøve Persen. Ellen Svendsen sit klar til å intervjue tre svært distinkte forfattarar med kvart sitt litterære killerinstinkt.

Lyrikar Synnøve Persen har ikkje noko til overs for den trange, stereotype samenasjonalisttrøya og det glorete folklorestempelet. Som ung kunststudent laga Persen førsteutkastet til det samiske flagget under Alta-kampen. Ti diktsamlingar seinare kan Persen bli den andre samen i historia som mottar Nordisk Råds pris, for ei lita bok med bare seks diktrekkjer. I meachi šuvas bohciidit ságat (av skogens sus spirer nytt) er det sorga over eit lite barn som ikkje lev lenger som spenn lesaren fast.

«Både Bipersonar og Innsirkling har fått det mot seg at dei synest konstruerte. Så kan ein spørje seg kva litterært verk som ikkje er ein konstruksjon,» skreiv Dag og Tid. Kvardagslivets psykologiske krigføring er Carl Frode Tillers forse. I romanen Innsirkling kjem falske håp, feilslåtte ambisjonar og sterke lengslar til synes når lesaren møter David som har mista minnet sitt. Boka vekslar mellom brevform, dialog og indre monolog, og Brageprisjuryen omtalde romanen som snedig komponert.

Forfattaren av Gjestene er ein erfaren novellist som går stille i dørene. Men ikkje la deg lure, Merethe Lindstrøm er kjend for å skildre det som ikkje kan skildras. Ho debuterte med Sexorcisten og andre fortellinger i 1983 og sidan har ho høyrt med til finsnekkaranes meisterlaug, har nokon sagt. Ei anna seier at det alltid er med eit lite gys av forventning ein opnar ei ny novellesamling signert Lindstrøm. Utroskap, forsømde barn, bilulukke og omplasserte kattar. Gjestane har det alt saman. 

Korfor nett desse er nominerte vil ikkje Nordisk Råds komité uttale seg om. Så da er det berre ein ting å gjera: Finne det ut sjølv.

Singelkuttet: Geir Gulliksen
Underholdning: Jørgen Strickert

Billetter kan kjøpes på http://www.billettservice.no/html/artist.htmI?l=NO&artist=OG+VINNAREN+ER…