Øklandforelesninga
Erfaringar med litteratur
Einar Økland fyller 70 år 17. januar, noko som sjølvsagt kjem til å prega hans eiga forfattarforelesing. Stikkord: Vitalitet! Han debuterte på Samlaget med Ein gul dag (dikt) i 1963 og har sidan gitt ut vel sytti bøker for alle aldrar, i alle tenkjelege og nokre utenkjelege sjangrar. Dei første tiåra heldt han seg innanfor konvensjonelle litterære former: skodespel, noveller, dikt og romanar, men i den lyriske landskapsromanen Amatøralbum frå 1969 har han ein sjølvbiografisk skrivemåte – som seinare har gjort W. G. Sebald og Karl Ove Knausgård berømte. Den munnlege og kontrære aforistikaren Einar Økland var også ein av skiparane av Norsk Forfattersentrum i 1968.