Oppbrotsteologi på det lange 70-talet
Boklansering
1968-opprøret var eit internasjonalt fenomen som nådde Norge og som kom til å prege 1970-åra. Radikalisering av unge kristne var ein særprega del av opprøret. I denne situasjonen fekk vi fenomenet ‘kristen-radikalarane’, som raskt vart til kristen-sosialistar. Desse fekk behov både for å legitimere seg teologisk overfor ei borgarleg kyrkje og for å utforme ein teologi som grunngav aktiviteten.
Boka “Oppbrotsteologi på det lange 70-talet” av Jan Ove Ulstein er første del av den første større undersøkinga av korleis kristen-radikalarane utvikla ein teologi for sin praksis. Oppbrotet gjaldt ikkje berre politikk og marxisme. Det kom også ei sosialetisk vekking, inkludert eit økologisk engasjement og eit kvinneopprør i kyrkja. Boka fylgjer brytingane tett i tekst og tid, der teologien skjer.
På lanseringsseminaret deltek Jan Ove Ulstein, Hans Fredrik Dahl, Oskar Stein Bjørlykke, Rune Slagstad, Tor Egil Førland, Audgunn Oltedal, Torleiv Austad og Trond Skard Dokka.