Orm, ugla og and. Prosa Obskura

bookmark

Lansering av Tormod Hauglands essaysamling

torsdag 15. mai 2008, kl. 19:30

Sal: Kverneland

Arrangør: Forlaget Oktober

Inngang: Gratis

Orm, ugla og and. Prosa Obskura er ei samling essay, noveller, intervju og artiklar: Om Stig Larsson, den nynorske kvinna, om fitter i skjønnlitteraturen, om skriving i Ytre Nordhordland, om maskebruk og heimstaddiktning – tekster om ei rekke ulike emne, som har det til felles at dei kryssar grenser, mellom sjangrane, mellom sjølvbiografi og fiksjon, humor og alvor. Det kresne utvalet som vert presentert vil gje eit nytt perspektiv på Haugland, samstundes som tekstane tangerar forfattarskapen hans og viser fram endringane undervegs. Med etterord av Ole Robert Sunde.

Møt forfattaren i samtale med Agnes Ravatn. Opplesing ved forfattaren og Ole Robert Sunde.

Gratis inngang. Velkommen!

Tormod Haugland (f. 1962) debuterte med romanen Under i 1994, og har sidan gjeve ut romanar, noveller, dikt og dramatikk.