Oversatt Aften 16

Oversatt Aften

bookmark

Boblenes tale ved teikneserieoversettar Tor Lier

torsdag 3. mai 2018, kl. 19:00 til kl. 20:30

Sal: Kverneland

Arrangør: Norsk Oversetterforening

Inngang: Gratis

Oversatt aften handlar denne gongen om boblenes tale, oversettaryrkets mest krevande øving/sport når det gjeld kort, treffande og presis formuleringsevne. Teikneserielesarar er meir utolmodige enn andre, og finn seg ikkje i replikkar som ikkje fungerer. Men i opphavet song ikkje eingong Donald med sitt nebb på norsk, sjøl om det verkar slik. Ein av dei som har lært han det, er Waldemar Hepstein, som teikneserieoversettar Tor Lier kallar seg i embets medfør.

Å fylle teikneseriebobler med norske ord – og internasjonale kraftkrusedullar – har autodidakten jobba med sidan 1995, og lagt nye ord i munnen på så ulike figurar som Billy, Robert Crumbs 1. Mosebok, Dilbert, Donald Duck, Ernie, Knøttene, Krazy Kat, Larsons Gale Verden, One Piece, Perler for svin, Pogo, Tarzan, Tommy & Tigern, med fleire. Eit solid og sprikande rulleblad. Korleis er det mulig? Korleis få plass, er norsk større eller mindre enn engelsk? Kva seier teikningane? Og ordspela? Amerikansk setting – flyttast eller integrerast? Norge er av dei landa i verden der teikneserien har stått sterkast, og nådd lengst ut. Og tradisjonelt har kvalitetskrava til språket i den norske versjonen vore skyhøge. Kor mange her i landet har ikkje lært lesekunsten gjennom Donald? Men med rollelista over skal kvelden handle mest om meir avansert seriespråk – med sine problem, og gleder.

Velkommen!

 

Oversatt Aften er Norsk Oversetterforenings soaré for formidling av og diskusjon om den oversatte litteraturen.