Påskequiz og koz 3Foto: Pxhere.com

Påskequiz og koz

bookmark

Med Sofia Knudsen Estifanos

lørdag 24. mars 2018, kl. 13:00

Sal: Berner

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Kva er størst av ein klementin og ein appelsin? Kva er best av Marsipanbrød og Kvikk lunsj, og kven deler eigentleg ut påskeegga? Sofia Knudsen Estifanos syng ofte «Ha det på badet» på barne-TV saman med høna Turid.

No tek ho med seg ein heil masse spørsmål og legg ut på ein liten påsketur til Litteraturhuset for å få svar på alt ho lurer på.

Maks seks på kvart lag, å jukse er heilt forbode også for dei vaksne, og det blir tipptopp premiar til vinnarane.

Passar for heile familien.