PJ Harvey Den opne handa

bookmark

Musikk, lesing og samtale ved Gunnhild Øyehaug, Pedro Carmona-Alvarez og Mona B. Riise

mandag 26. oktober 2015, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Det Norske Samlaget

Inngang: Billett

PJ Harvey er ei av vår tids viktigaste musikarar. Ho har sidan debuten Dry i 1992 fenga og overraska publikum, og på 2010-tallet har ho også markert seg som ei sterk og politisk stemme. No debuterer ho med dikt i bokform, og gjendiktarane Pedro Carmona-Alvarez og Gunnhild Øyehaug har gått i djupna av kunstnarskapen. Musikk, lesing og samtale leia av Mona B. Riise.