Poesi med politisk sprengkraft

bookmark

Vigdis Hjorth i samtale med Olga Ravn, Asta Olivia Nordenhof, Amalie Smith og Theis Ørntoft

torsdag 2. februar 2017, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Samlaget

Inngang: Billett

Vigdis Hjorth presenterer dei fremste forfattarane i ny dansk poesi, av media omtala som «generasjon etikk». På kva måte har poesien politisk sprengkraft, og kan poesien vere innlegg i samfunnsdebatten? Denne våren vert dei fire poetane utgjevne i norsk gjendikting.

Lansering og opplesing av ny dansk poesi i norsk gjendikting. 

Olga Ravn, Asta Olivia Nordenhof, Amalie Smith og Theis Ørntoft er blant dei fremste poetane i nyare dansk litteratur, av media omtala som «generasjon etikk» – alle fire er med på Samlagets store satsing på dansk lyrikk.

Samlaget lanserer fire komplette diktverk i tillegg til Olga Ravns roman Celestine. Bøkene er gjendikta av Inger Bråtveit, Anna Kleiva, Siw Anita-Kirketeig, Erlend O. Nødtvedt og Britt Kristin Ese. Poetane les frå bøkene og samtaler med Vigdis Hjorth.

På kva måte har poesien politisk sprengkraft, og kan poesien vere innlegg i samfunnsdebatten?