Pontus og eg

bookmark

Med Odd Nordstoga

lørdag 30. november 2013, kl. 13:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Katten min, det er katten sin
Pontus er namnet og blank og fin
dansar han polka til songen min

Odd Nordstoga set ofte musikk til orda sine, denne gongen har det blitt teikningar av Rune Markhus. Ei fin forteljing er det, om ein mann og ein katt på landevegen som blir nøydde til å setje sjølvaste kongen på plass. For ein kan vel ikkje ha eit land der det ikkje er lov å spele trekkspel eller fele? Odd Nordstoga les frå boka Eg og Pontus går for gull, og er det nokon som trur at han tek med seg noko å spele på? Passar for barn frå tre år.