Quiz
NM i litteratur
Kven blir noregsmeister i litteratur i 2013? For sjuande gong på Litteraturhuset har du høve til å bli noregsmeister i litteratur. Ta ein pause frå kakebakst og golvvask, og tørk heller støv av gamal kunnskap. Levande og døde forfattarar, løva frå Kardemomme by, gode sitat, sære pseudonym og nesten ukjende passasjar frå Det nye testamentet. Set saman eit lag av vener med om lag same ambisjonar som deg sjølv, les gamle heltar om att, og ta med ein penn som verkar. Så er det klart for å utfordre vinnarlaget frå i fjor og gjere sitt for å få namnet sitt inngravert på den gjæve vandrepokalen.
Spørjemeistrar er Tuva Ørbeck Sørheim, Anne Gaathaug og Aslak Sira Myhre. Maks seks deltakarar per lag. Påmelding til post@litteraturhuset.no.