Quiz

bookmark

NM i litteratur

onsdag 16. desember 2015, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

PÅMELDINGA ER FULLTEGNA

Kven blir noregsmeister i litteratur i 2015? Atter ein gong har du høve til å bli noregsmeister i litteratur. Ta ein pause frå kakebakst og golvvask, og tørk heller støv av gamal kunnskap: levande og døde forfattarar, gode sitat, sære pseudonym og nesten ukjende passasjar frå Det nye testamentet. Set saman eit lag av vener med om lag same ambisjonar som du sjølv, les gamle heltar om att, og ta med ein penn som fungerer. Så er det klart for å utfordre vinnarlaget frå i fjor og gjere sitt for å få namnet sitt inngravert på den gjæve vandrepokalen.

Spørjemeistrar er Tuva Ørbeck Sørheim og Anne Gaathaug. Maks seks deltakarar per lag. Påmelding til post@litteraturhuset.no.