Rapport frå eit grensehotell

bookmark

Rockepoeten Tom Roger Aadland

lørdag 28. november 2015, kl. 20:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Embacle

Inngang: Billett

Rockepoeten Tom Roger Aadland blei lagt merke til for alvor då han gjendikta og song Dylan på nynorsk på albumet Blod på spora. Låten Vikla inn i blått frå denne suksessplata blei nyleg kåra til ein av tidenes 25 beste norske coverlåtar av WiMP.

Då det nye albumet hans Rapport frå eit grensehotell kom ut, gjekk låten «Like til mi dør» rett inn på A-lista på P1, og albumet fikk strålande kritikkar. «Som Dylan kan Aadland med nokre enkle, suggestive frasar teikne opp ein augneblink og lade han med noko som får han til å verke avgjerande», skreiv Dag og Tid. Hellbillies valde han som support-artist på jubileumsturnéen, og sjølv har han turnert over heile landet dei siste åra. Han er elles kjent for radiohiten «Min beste ven på ein dårleg dag» frå albumet «Fløyel og stål».

Me møter han her i solokonsert, med fokus på de kritikarroste songane. Sterke tekster og gode melodiar er stikkord.