Religion og nasjon 1814-2014

bookmark

KIFO-seminar

mandag 2. desember 2013, kl. 09:30

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Forskningsstiftelsen KIFO

Inngang: Gratis

Temaet for seminaret er forholdet mellom religion og nasjon i Norge i 1814 og i dag. Utgangspunktet er det komande grunnlovsjubileet. I 1814 hadde Den norske kyrkja eit hegemoni på det religiøse området og var også den dominerande politiske arenaen for mange av dei førebuande hendingane fram mot riksforsamlinga på Eidsvoll (nominering av valmenn, avlegging av eid, gudtenestemarkeringar osb). I det komande året skal desse hendingane minnast og markerast i grunnlovsjubileet der også Den norske kyrkja vil vere ramma for fleire markeringar. Men det skjer i eit samfunn med eit aukande religiøst mangfald og der Den norske kyrkja er majoritetskyrkje, men ikkje lenger statskyrkje. Dette er eit godt tidspunkt både for å sjå bakover og framover.

Seminaret startar med eit attersyn på religionen si rolle i Noreg i 1814 og kyrkja si rolle i 1814 hendingane der fleire prestar og biskopar også engasjerte seg sterkt i den politiske kampen. Deretter vil vi sjå på Den norske kyrkja si rolle i tidlegare grunnlovsjubileer, før vi rettar søkelyset mot dagens situasjon og koplinga mellom religion og nasjon slik det kjem til utrykk i folk sine haldningar og i Dnk si rolle i den årlege grunnlovsfeiringa. Vi avsluttar med ein panelsamtale der vi ser framover på jubileumsplanane og spør korleis Grunnlovsjubileet vil markere og feire forholdet mellom religion og nasjon i 2014. Foredraga på seminaret bygger på forsking frå Forskingsrådet sitt program for grunnlovsforsking og på Riksarkivet sitt arbeid i forhold til grunnlovsjubileet 2014. Seminaret er ope for alle interessert, men vender seg særleg til komande lokale og nasjonale jubileumsarrangørar, presse/media, forskarar og studentar.

Påmelding: Seminaret er gratis, men påmelding er nødvendig. Påmeldingsfrist: 15.november. Arrangementet varer fra kl 9.30 til 15.30. Servering av enkel lunsj
Meld deg på her 

For spørsmål og meir informasjon; kontakt kifo@kifo.no eller tlf 23 33 47 20

Program
Møteleiar Ånund Brottveitm, Forskningssjef, KIFO

09:30 Registrering/kaffi
10:00 Introduksjon til dagens tema: «Religion, kyrkje og nasjon i eit nasjonalt jubileumsår»
10:10 «Kyrkja som arena for våre første nasjonale val» Bente Engelsen, Idehistorikar, Riksarkivet
10:30 «Min Fædrejord skal før drikke mit varme Blod før jeg sviger». Prestene og propagandakrigen i 1814 Ruth Hemstad, Historikar, Nasjonalbiblioteket
11:00 Kort pause
11:10 «Religion og nasjon i 1814; og utviklinga i åra etter» Dag Thorkildsen, Teolog, TF, UiO
11:40 Spørsmål og kommentarer til dei første foredraga
11:50 «Den norske kyrkja si rolle i tidlegare grunnlovsjubileer» Svein Ivar Angell, Historikar, Rokkansenteret UiB
Spørsmål og kommentarar
12:30 Lunsj
13:15 «Må man være kristen for å være skikkelig norsk? Religion og nasjonal identitet i dagens Norge» Pål Ketil Botvar Statsvitar, KIFO
13:45 «17. mai-toget inn i kyrkja? Den norske kyrkja på nasjonaldagen» Olaf Aagedal, Sosiolog, KIFO
14:15 Spørsmål og kommentarar
14:30 Panelsamtale og plenumsdiskusjon om religion og kyrkje i Grunnlovsjubileet 2014

Paneldeltakarar:
Jens Petter Johnsen, Direktør i Kyrkjerådet, Den norske kyrkja
Bente Sandvik, Fagsjef i Ideologi- og livssynsavdelinga i Humanetisk forbund
Shoaib Sultan, tidl. Generalsekretær i Islamsk Råd, leiar for 17. mai-komiteen i Oslo 2013
Fleire namn seinare

Panelleiar Gudleiv Forr, Journalist og kommentator i Dagbladet

15:30 Slutt

FOTO: Herman Neupert/Oslo Museum, tittel: Oppstilling til tog. Jakob kirke, Oslo 1908