Renessansen

bookmark

Føredrag ved Jon Haarberg

lørdag 28. februar 2015, kl. 15:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Ein kan jo spørje seg om det er mogeleg å bli fødd på ny. Kom antikken tilbake om lag i 1450 og varde til om lag 1650? Musikken blei meir polyfon, og målarane blei meir medvitne om lys, skugge og perspektiv. Men greidde ein med ideal om balanse og klårleik å sleppe unna det ein såg på som barbariet frå mellomalderen? Er ikkje mykje heller vidareutvikling av kulturuttrykk frå mellomalderen og ikkje eit brot? Og har Shakespeare og Rebelais meir sams enn at dei blir rekna mellom forfattarane frå renessansen?

Jon Haarberg er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo og held no fram Litteraturhusets serie om kulturhistoriske epokar. Arrangementet er ein del av Litteraturhusets satsing Folkeopplysning, som blir presentert i samarbeid med DNB.

ILL.: Sandro Botticelli, Venus fødsel’, 1486 (Uffizi, Firenze)