Retorikken til togna

bookmark

AVLYST

mandag 26. april 2010, kl. 19:00

Sal: Berner (u. et)

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

I 1969 bad Richard Nixon om støtte frå «the great silent majority», det påståtte fleirtalet av amerikanarar som etter det presidenten sa, ikkje ville tola noko anna enn ein militær siger i Vietnam-krigen. Sidan då har den tagale majoriteten vorte teken til inntekt for ei rekkje standpunkt på den amerikanske høgresida. Men kva meiner det tagale fleirtalet i røynda, og kva er den strategiske verdien av togn?

Cheryl Glenn er professor ved Pennsylvania State University. Ho er mest kjend for boka Unspoken. A Rhetoric of Silence (2004), der ho snur opp ned på førestellinga om at togn er det same som samtykke. Ho har òg, i Rhetoric Retold. Regendering the Tradition from Antiquity Through the Renaissance (1997), synt korleis mannlege røyster ofte høyrest tydelegare enn kvinnelege opp gjennom historia.

Møt Glenn i samtale med førsteamanuensis Berit von der Lippe og stipendiat Jan Grue.

Arrangementet foregår på engelsk.