Rusmisbrukens skjulte offergruppe
Gro Skartveit talar dei pårørandes sak
Bak kvar rusmisbrukar står familie og vener som får liva omkalfatra og øydelagde. Skjebnen til dei pårørande er ofte skjult, men omfanget og skaden er så stor at problemet krev større merksemd frå det offentlege. Gro Skartveit leier Veiledningssenteret for pårørende i Rogaland og er forfattar av boka Den usynlege smerta. Om rus og pårørande. Ho kjenner for mange tragiske tilfelle, og no tek ho bladet frå munnen. Med seg har ho pårørande, politikarar og fagpersonar innanfor helse- og omsorgssektoren.