Så rart?
Jørn Hurum og Esther van Hulsen
For 47 millionar år sidan levde det eit lite apeliknande dyr i jungelen i Tyskland. I dag er ho kjend over heile verda som fossilet Ida. Korleis levde ho, kva lika ho å ete, og hadde ho eigentleg nokon vener? Jørn Hurum veit alt som er verdt å vite om Ida, og han er god til å fortelje. Ester van Hulsen har laga teikningane i den heilt nye, store biletboka om Ida. Passar best for barn frå fem år.