Så rart?
Om stamceller, kroppens superheltar
Du veit kanskje at kroppane våre er bygde opp av ein masse bittesmå celler. Men kva er eigentleg stamceller?
Forfattar og illustratør Øystein Runde har prøvd å forske litt på dette, og i dag kjem han til Litteraturhuset for å vise fram teikningane sine og fortelje om kroppens stamceller og kva dei kan brukast til. Til dømes kan firfislene gro ut ein ny hale om det trengst. Og om kroppen vår er sjuk eller skadd, kan han reparerast når stamcellene, kroppens superheltar, trår til!
For barn frå seks år.