Skaff deg eit liv!

bookmark

Stephen J. Walton om biografiens dyneløfting

onsdag 2. april 2008, kl. 19:00

Sal: i Kafe Oslo

Inngang: Gratis

Mens interessa for og salet av biografiar har auka jamt dei siste åra, har ikkje teoriane om sjangeren utvikla seg like sterkt. Norske biografidebattar forfell fort til moralisering om kor grensa skal gå for kva vi skal fortelje om livet til ein annan person. Men skal det finnast ei grense i det heile?

Noregs første professor i nynorsk skriftkultur, Stephen J. Walton, undersøkjer dette i si nye bok Skaff deg eit liv! Om biografi, kor han også reiser grunnleggjande spørsmål om biografien og sjølvbiografien. Møt forfattaren i samtale med litteraturvitar Marianne Egeland.