Skrift og skule

bookmark

Lunden, Langeland, Bugge og Gulliksen

onsdag 4. juni 2014, kl. 19:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Det er ikkje ein menneskerett å vere poet.

Poet og skrivelærar Eldrid Lunden har vore tilknytt Forfattarstudiet i Bø frå starten og har forma utdanninga etter eigne ideal og tankar. No har ho avslutta karrieren ved Noregs eldste skriveskule og gjer naturleg nok opp status i skriftleg form med boka Kan ein lære å bli forfattar?

Henrik H. Langeland er litteraturvitar og ein populær forfattar av fleire breitt utforma forteljingar. No sist kom boka Fyrsten, roman nummer to om jetsettaren Christian von der Hall. Også Langeland er oppteken av handverkssida av forfattaryrket. Fortellekunst heiter boka han gav ut i 2011, der han ser nærmare på kva reiskap ein treng for å skrive gode tekstar.

«Bugge er en suveren observatør … for den som leser mye likegyldig litteratur, kan den være en påminnelse på hvorfor man holder på», skreiv Dagens Næringslivs meldar om Tauet, Mikkel Bugges tredje utgjeving. Kritikarane var samstemt rosande til novellesamlinga. Til liks med mange frå hans generasjon har også Bugge skaffa seg viktig kunnskap om skriveyrket på forfattarskule i både Stockholm og Göteborg.

Tre menneske med ord som leveveg og med eit medvit om skriving både som kunst og handverk. Kvar finn ein dagens forfattar mellom Twitter, bloggar og stive permar? Om ein ikkje treng loftsrom i Paris, einsemd og tæring for å bli ein god forfattar, kva treng ein då? Og kvifor er det ingen menneskerett å vere poet? Dei tre samtalar med forfattar og forleggar Geir Gulliksen.