Snikkikk med Frode Grytten

bookmark

Dronninga er død – Odda-versjonen

tirsdag 27. juli 2010, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

«Frankly, Mr Shankly» er blitt til «Heilt alvorlig, personalsjef Bleikli». Alle som kjenner til Frode Gryttens forfattarskap, er klare over kor sentrale The Smiths og Morrisey er i bøkene. Og til hausten kjem Gryttens oddafisering av Smiths-albumet The Queen is DeadDronninga er død som boksingel på Flamme Forlag. Grytten har fritt sett om Morrisseytekstane til oddamål, og i kveld framfører han utgjevinga i sin heilskap før ho ligg føre i bokform. Gitarist Mads Berven bidreg musikalsk til alle tekstane.

Frode Grytten er prislønt og kritikarrost for forfattarskapen sin og er kjend for bøker som Bikubesesong (1999), Popsongar (2001) og Rom ved havet, rom i byen (2007). Tidlegare i år kom essaysamlinga 50/50.