Snikkikk med Vigdis Hjorth

bookmark

Snakk til meg

tirsdag 20. juli 2010, kl. 19:00

Sal: Berner (u. et)

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Ingeborg er ein middelaldrande, varsam bibliotekar frå ein norsk småby. Mannen er død, sonen har flytta frå henne og tek ikkje kontakt. På ei reise til Cuba lèt ho seg sjarmere av ein svart mann som syng og spelar trommer i bakhagen på hotellet. Han er svart og fattig, men smart. Ho er kvit og rik, men einsam. Ingeborg set alt inn på å vinne over politiet og UDI, for å få denne mannen inn i landet.

Vigdis Hjorth er ein av våre mest markante forfattarar, og forfattarskapen hennar femner om både barnebøker, ungdomsbøker, noveller og romanar for vaksne, mellom dei Jørgen + Anne er sant (1984), Om bare (2001), Hjulskift (2007) og Tredje person entall (2008).