Snikkikk

bookmark

Åsne Seierstad

torsdag 11. oktober 2007, kl. 19:00

Sal: Skram (2. et)

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Før Åsne Seierstad vart eit kjend fjes i Noreg som NRK sin krigsreporter, før ho vart verdskjend for boka om Bokhandleren i Kabul, var ho på reise i Tsjetsjenia. Ho var Arbeiderbladet sin korrespondent i Russland, og i 1995, 24 år gammal, drog ho frå Moskva til Tsjetsjenia og skreiv heim om Russland si krigføring og lidingane til dei sivile.

I fjor vende ho attende til eit Russland som under Putin ser ut til å ha vunne ein førebels siger i Tsjetsjenia. Ho vende attende til menneske på ein stad som har vore herja av krig i meir enn eit tiår. Kva skjer med menneske som må leve livet sitt i krig, spør ho seg. Resultatet av eit års arbeid er boka De krenkede.

På Litteraturhuset er Åsne Seierstad den aller fyrste som gir lesarane ein snikkikk inn i boka si.