Solheim og Giske samstemde for utvikling

bookmark

Seminar om utviklingspolitikk og norske næringsinteresser

mandag 26. september 2011, kl. 16:00

Sal: Nedjma

Arrangør: LAG

Inngang: Gratis

Den siste tida har norsk utviklingspolitikk skifta retning, frå bistandsorganisasjoner og mjuke sektorar som helse og utdanning til private selskap og harde sektorar som energi og infrastruktur. Endringane viser seg tydeleg i utviklingsministerens taler og ikkje minst i miljø og utviklingsmeldinga Mot en grønnere utvikling. Norske selskap har fått rolle som sentrale utviklingsaktørar og norske investeringar i olje og andre energikjelder vil tilsynelatande føre til økonomisk utvikling og drype ned på dei fattige.

 

LAG stiller seg kritisk til denne endringa og inviterar til seminar der me vil diskutere ulike type investeringar, handelsavtaler si innskrenking av politisk handlingsrom, næringsstrategiar forkledd som utviklingsstrategiar, økonomisk og politisk støtte til norske bedrifter i utlandet med meir. Professor frå Brasilia Donald Sawyer og jurist Margarita Flores frå den colombianske organisasjonen ILSA vil bidra med perspektiv frå Latin-Amerika, medan Helene Bank frå Handelskampanjen vil gje oss eit innblikk i den nye norske utviklingspolitikken.

 

Påmelding til heidi@latin-amerikagruppene.no