Sortlandforelesinga

bookmark

Kvifor skriv du barnebøker, du som er så flink til å skrive?

lørdag 3. september 2011, kl. 14:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Norsk Forfattersentrum (i samarbeid med Klassekampen og Aschehoug)

Inngang: Billett

Bjørn Sortland fekk nyleg dette spørsmålet av ein journalist, og det er ikkje første gongen, han har fått det sidan han debuterte.

"Kvifor blir eg nesten alltid stilt dette spørsmålet? Kanskje er ikkje barne og ungdomslitteratur så kult når alt kjem til alt? Er det berre riktig-viktig? Og les barn og ungdom noko særleg av den litteraturen som blir skriven for dei?" spør han.

 

Bjørn Sortland har skrive 40 bøker for barn og ungdom sidan debuten Det er ikkje natta i 1992. Han har også skrive prisvinnande romanar for vaksne. Fleire av bøkene hans er ein inngang til kunsten i seg sjølv, gjennom samarbeid med kunstnarar og illustratørar, og har i seg forståinga for kva kunst kan bety i livet. Sist veke fekk han Aschehougprisen. Vi gratulerer!