Språkårsforum

bookmark

Vegen vidare for Språkåret 2013

tirsdag 14. mai 2013, kl. 10:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Språkåret 2013

Inngang: Gratis

 Vi i Språkåret 2013 inviterer til språkårsforum på Litteraturhuset i Oslo tysdag 14.mai, klokka 10.00-14-00. Arrangementet er gratis og ope for alle. Vi spanderer lunsj, og vil derfor gjerne ha påmelding til post@sprakaret2013.no innan fredag 10.mai, så vi er sikre på at alle blir mette og fornøgde.

Til Litteraturhuset denne tysdagen har vi invitert aktørar som har gjennomført gode språkårs-arrangement, aktørar som ønskjer å gjennomføre prosjekt no i språkåret og aktørar som vi håpar skal bli inspirerte til å setje i gong prosjekt etter å ha høyrt erfaringane i frå andre. Blant dei inviterte er blant andre prosjektkoordinator for Bergen Leser på Bergen Offentlige Bibliotek, Mari Kristine Jore, som presenterer «Smaken av språk» – eit populært og vellykka gjennomført språkårsarrangement i Bergen. Frå Litteraturhuset i Fredrikstad kjem dagleg leiar Merete Lie og fortel om dialektfesten «Prekæs.» Mange fekk med seg at heile Fredrikstad blad blei omsett til dialekt, og dette var eit av mange prosjekt som blei gjennomført under dialektfesten i mars.

Eit viktig punkt på agendaen er at vi ønskjer innspel på korleis Språkåret 2013 skal formast vidare gjennom året, med eit spesielt fokus på kva type arrangement og prosjekt ein bør setje i gong for å skape engasjement rundt bokmål. Vidare at vi diskuterer korleis vi alle kan jobbe mot eit mål om at vi i januar 2014 kan seie til kvarandre: «Dette var eit godt språkår, eit vellykka prosjekt – godt jobba!» Til slutt vil vi oppmode om at dugnaden for språkbevisstgjering og feiringa av språket held god fart gjennom heile 2013.

Les meir om arrangementet her