Talibanar og vikingar

bookmark

Statslause samfunn før og no

torsdag 5. februar 2009, kl. 19:00

Sal: Skram (2. et)

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Er du interessert i vikingane og tidleg norsk historie? Har det nokon sinne slått deg at fortidas ættesamfunn har fleire sams trekk med dei statslause samfunna ein framleis i dag finn nokre stader i Afrika og Asia? 

Jon Vidar Sigurdsson har skrive bok om vikingtida i det norrøne området. Her viser han korleis høvdingar og etter kvart kongar råda over bønder og treller, ikkje ulikt samfunnsmønsteret Fredrik Barth skriv om i si bok av året, Afghanistan og Taliban. Barth diskuterer her mellom anna korleis antropologisk kunne om folk i Afghanistan bør forma gjenoppbygginga. Fleire av tankane i boka blei fyrste gong framført i eit foredrag på Litteraturhuset høsten 2007, og me ser fram til å invitera professoren tilbake til ei samtale med sin universitetskollega Sigurdsson om kva som kjenneteiknar statslause samfunn, og kva ein legger i omgrep som hemn, ære og ætt. Samtaleleiar er Åse Brandvold frå Klassekampen.

Singelkuttet: Ingvild Burkey