Til trøyst. Å gje språk til psykiske krise

bookmark

Med Jan Inge Sørbø og Finn Skårderud

tirsdag 15. oktober 2013, kl. 19:00

Sal: Nedjma

Arrangør: Samlaget

Inngang: Gratis

Kven kan gi det beste språket til psykiske kriser, diktarane eller diagnostikarane? I boka Til trøyst – å gje språk til psykiske kriser, argumenterer Jan Inge Sørbø for at det finst viktige kjelder til innsikt på dette feltet i skjønnlitteraturen. Det diagnostiske språket er nødvendig til sitt bruk, men det kan også skapa distanse og verka inhumant. I skjønnlitterære framstillingar blir ofte skiljet mellom sjukt og friskt, normalitet og galskap, mindre viktig. Vi møter kjempande menneske som prøver å handtera livet så godt dei kan.

 

Med døme frå mellom anna Beate Grimsrud, Olav H. Hauge, Gunvor Hofmo, Amalie Skram og Alfred Hauge, syner Sørbø korleis diktarane kjempar seg til innsikt gjennom krise-erfaringar, og skaper eit språk som ikkje berre har presisjon, men også ber kimen til tilfriskning i seg.

Finn Skårderud kommenterer boka, og Sørbø presenterer noko av innhaldet.