Tilbaketrekning og tristesse

bookmark

Erlend Loe og Kjersti Rorgemoen

onsdag 16. mars 2016, kl. 18:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Det er ikkje lett det som er vanskeleg. Både hos Erlend Loe og Kjersti Rorgemoen går det gjennomgåande trått. Dei har ikkje hovudpersonar som trivst, korkje med seg sjølve eller med dei andre.
 
Slutten på verden slik vi kjenner den kom hausten 2015 og er tredje del i forteljinga om Doppler. Her kjem Doppler etter nokre år i skogen på at han har både kone og born, men når han freistar å gjere comeback i eigen familie, blir det vanskelegare enn ein skulle tru.
 
Også hos Kjersti Rorgemoen opererer personane i sosiale og økonomiske randsoner. I 2009 kom Purkene snudde seg, om ei dame som kombinerte å vere bokbuss-sjåfør me frilansarbeid på ein svinefarm. Håpet og festen er namnet på den andre romanen hennar, som no er nominert til Ungdomens kritikarpris. Hovudpersonen har uhorveleg mange vekttal frå universitetet, men kjem seg likevel ikkje ut av studentkollektivet og er mellomleiar i Fretex’ makuleringsteneste.
 
Ein gong, på ungdomsskulen, skreiv Kjersti Rorgemoen særoppgåve om Erlend Loes bøker. «Svartsyn, tilbaketrekning og tristesse, det er jo meg!» svara journalist og forfattar Jens M. Johansson då Litteraturhuset spurde om han kunne tenkje seg å vere ordstyrar denne kvelden. No møtest dei tre på scena.