Tirsdagsbarn
Marit Nicolaysen
Marit Nicolaysen meiner rotter er blant dei smartaste og finaste dyra i verda. Difor har ho skrive heile tolv bøker om guten Svein og rotta hans, Halvorsen, og alt dei kjem ut for i eit langt rotteliv. På Tirsdagsbarn presenterer ho bolkar og smakebitar frå ulike bøker. Svein er skeptisk i matvegen, og misliker mellom anna grønsakssuppe og sauehovud. Kafe Oslo serverer ikkje det. I staden blir det Svein sin spesialburgar til hovudrett og is til dessert.
Barnemenyen blir servert mellom 16.00 og 18.00. Passar best for barn frå 7 år. På Tirsdagsbarn betaler ein for maten, men får underhaldninga gratis.