Tredje verda sedd frå Skandinavia

bookmark

Kirsten Hammann i samtale med Tonje Vold

torsdag 24. september 2009, kl. 19:00

Sal: Skram (2. et)

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Kirsten Hammanns roman En dråpe i havet vann i fjor den prestisjefylte lesarprisen til Danske Bank. Ho trefte nok mange med dei nådelause karakteristikkane sine av behageleg skandinavisk middelklasseliv, skildra i grell kontrast til menneskeleg armod andre stader. Forfattaren boka handlar om, vil skrive om u-landa og kor synd det er i dei som bur der. Researchen strekkjer seg til ei vitjing hos bistandsorganisasjonen Hjælp – å reise frå det makelege tilværet sitt i Danmark kjem ikkje på tale. Men før ho veit ordet av det, har ho vorte prøvekanin i eit sinnrikt datasimulasjonsopplegg der ho som deltakande observatør ser den eine lidingshistoria etter den andre utspele seg rundt om i verda, utan eigentleg å forlate København.

Møt Hammann i samtale med Tonje Vold, som i desse dager disputerer med ei avhandling om sørafrikansk litteratur.

Singelkuttet: Camilla Groth

Programendring: 
Adelheid Seyfarth som opprinnelig også skulle delta på arrangementet måtte dessverre melde avbud.

Les anmeldelse av Hammans En dråpe i havet i danske Politiken.