Undis Brekke

bookmark

Snikkikk med Gunnhild Øyehaug

tirsdag 12. august 2014, kl. 19:00

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Gunnhild Øyehaug hadde sitt store gjennombrot med romanen Vente, blinke i 2008 – den blir film i 2015 – og no er ho tilbake med ein ny roman, med tittelen Undis Brekke.

37 år gamle Undis Brekke vender tilbake til heimbygda for å ta seg jobb som lektor i nordisk på  høgskulen, endå ho er svært lei av studentar. Ho kjem akkurat i tide til den årlege julemiddagen til nordiskkollegiet og blir der konfrontert med ulike bitar av barndom, ungdom og tidleg vaksendom som ho har prøvd å feie under teppet. Svik, håp og angst, skrivesperre, kjærleik, mannlege og kvinnelege ekskjærastar, PMS, barndomsvener og  foreldre får sine plassar i dette portrettet av ei kvinne som prøver å få hovudet over vatnet. Korleis stå opp for eigne verdiar, korleis køyre bil, korleis nærme seg si eiga mor, korleis sjå si eiga netthinne og korleis ete smalahove er spørsmål romanen stiller.