UTSOLGT: Forfattar utan andlet

bookmark

Cathrine Sandnes, Gudmund Skjeldal, Bjørn Ivar Fyksen og Janneken Øverland om Elena Ferrante

onsdag 12. oktober 2016, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

ARRANGEMENTET ER DESSVERRE UTSOLGT.

 

Books, once they are written, have no need of their authors. (Elena Ferrante)

Napoli-kvartetten vert han kalla, dei fire banda i Elena Ferrantes forteljing om italiensk fattigkvartals venskap mellom dei to veninnene Elena og Lila. Ein livslang venskap som rommar kjensler på heile skalaen frå det varmt raude til iskald blå sjalusi. Men også ein viktig tekst om spørsmål som klasse og kjønn.

Fjerde bok om dei to veninnene Elena og Lila kjem no på norsk, også den omsett av Kristin Sørsdal. Den engelske utgåva av Historia om det tapte barnet vart kortlista for den internasjonale Man Booker i 2016.

Ingen, med unnatak av det italienske forlaget hennar, veit kven Elena Ferrante verkeleg er, namnet er eit pseudonym. Ferrante kom likevel på Time Magazines liste over dei hundre mektigaste menneska i verda.

«Bare svært sjelden leser man en litteratur som fanger enkeltmenneskets liv i samfunnet, i historien, så troverdig som her», skreiv meldar i Klassekampen Bjørn Ivar Fyksen om Ferrante. Han stillar til samtale saman med Cathrine Sandnes frå tankesmia Manifest, forfattar og kritikar Gudmund Skjeldal, under leiing av litteraturhistorikar Janneken Øverland. Ramma for samtalen er spørsmål som forfattaren sjølv, Elena Ferrante, har svara på i intervju med Litteraturhuset.