Vaffelhjarte

bookmark

Tirsdagsbarn med Maria Halseth

tirsdag 10. november 2015, kl. 17:30

Sal: Sjeherasad

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Trille er heilt sikker på at han vil vere bestevenen til Lena. Men kva vil Lena? Er det like sikkert at ho vil vere ven med han? Dei bur på ein liten plass, Trille har budd der heile livet, Lena har nett flytta dit, og det er desse to og venskapen deira det handlar om i Maria Parrs vakre bok Vaffelhjarte. Skodespelaren Maria Halseth les høgt frå boka frå klokka 17.30.

Tirsdagsbarn tyder òg at Kafe Oslo serverer billeg, sprek mat tilpassa barneganar og den aktuelle bokvitjinga. Denne tysdagen vert det servering med venskaps- og vaffelhjartetema frå kl. 16.30. Reservér bord på post@kafeoslo.no. Meny kostar 80,- for barn, 125,- for vaksne.

Tirsdagsbarn er denne gong i samband med Nordens bibliotekveke. I løpet av veka 9. til 15. november blir dei same bøkene lesne over heile Norden, og tema i år er venskap i Norden.

Passar best for dei mellom seks og ti år.