Det kvite blikket
Claudia Rankine og Athena Farrokhzad
Citizen. An American Lyric (Medborgar) er verdsstjerna Claudia Rankines femte diktsamling. Gjennom sju kapitler, i korte prosastykke og bilete, tar Citizen for seg rasistiske hendingar frå den amerikanske kvardagen – frå den jamne amerikanar til offentlege personar som Serena Williams, og ofre for politiskyting, som Trayvon Martin og James Craig Anderson.
På svært kort tid har Citizen oppnådd kultstatus, og har som einaste poesisamling nokosinne inntatt ein solid plass på New York Times bestseljarliste over skjønnlitteratur.
Som akademikar og professor ved Yale University har Rankine blant anna interessert seg for kvitheit og korleis dette påverkar menneskes syn på verda. Dette undersøkjer ho òg i sitt drama The White Card. I kveld blir dette dramaet for første gong framført på ei scene utanfor USA, på Litteraturhusets scene.
Det kvite blikket inngår òg i den svenske poeten Athena Farrokhzads diktsamling Vitsvit (Hvitverk) frå 2013. Rankine og Farrokhzad møtast no til samtale om rasisme, kvitheit og privilegium.
Innleiing ved Kristina Leganger Iversen og Camara Lundestad Joof, som dessutan står bak den norske gjendiktinga av Citizen, med tittel Medborgar (2018).
Arrangementet foregår på engelsk.