Boklansering: «Berge Furre: eit liv i rørsle»

Boklansering: «Berge Furre: eit liv i rørsle»

bookmark

Arnhild Skre i samtale med Hans Olav Lahlum

tirsdag 25. oktober 2022, kl. 19:00 til kl. 20:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Det Norske Samlaget

Inngang: Gratis - Ingen påmelding

«Høvding» og «bauta» blei Berge Furre kalla då han døydde i 2016, 78 år gammal. Landet rundt mante minneorda fram den skjegløygde SV-leiaren, historikaren og presten, kjend
gjennom debattar, pensumbøker og preiker over eit halvt hundreår.

Nekrologane vektla den stabile og trygge Furre, men då det omfattande arkivet hans blei opna for biografen, såg ho at dette bildet måtte brytast opp.

Kristentru, sosialisme, målsak og fredssak prega Berge Furres liv, men biografen syner oss også prestestudenten som miste trua. Vi blir kjende med fredsvenen som hamna i naiv beundring for DDR. Kampen mot EU gjorde han til folketalar, avsmaken mot jappetida førte han tilbake til kyrkja. Som stortingsmann for SV kjempa Furre fram tverrpolitisk semje om betre bondekår, men han skapte splid med lovbrot og risikerte riksrett då han offentleggjorde hemmelegstempla dokument om amerikanske militære peilestasjonar i Noreg.

I biografien om Berge Furre og hans tid trer eit undrande, intenst, rastlaust og strategisk handlande menneske fram. Omdiskutert til det siste. Ein mann i rørsle, eit levande menneske.

Samtale mellom biograf Arnhild Skre og forfattar Hans Olav Lahlum
Boksal

Velkommen!