Ole-Ragnar Riise gav ut sin fyrste roman "Trådar av Marie" tidlegare i år. Han er frå Hjørundfjorden på Sunnmøre, og har henta historia frå heimstaden. Boka skildrar den dramatiske historia til Marie Aakre frå Bjørke. I tillegg til å vere ei familiehistorie, rører den ved tema som skam, tap, mismot, optimisme og korleis motgang kan snuast til medgang. Samstundes hender det store omveltingar i Hjørundfjorden, som får konsekvensar på mange nivå.
Nokre tilbakemeldingar frå lesarar:
«Eg klarte nesten ikkje legge den vekk før eg var ferdig. Den berørte meg VELDIG!! Måtte tørke tårer meir enn ein gong. Forfattaren skriv så varmt og fint om alle og det er imponerende korleis han har klart å sette deg inni korleis spesielt Marie tenkjer og løyser både med og motgang!! Dette er berre nydelig! Eg har ikkje lovord nok korleis han skriv om eit liv, både om hovedpersonen og dei ho elsker mest i livet sitt. Dette er ei bok mange vil kjenne seg igjen i. Liker godt at han bruker dialekutrykk som eg ikkje har høyrt sia eg var lita.» -Anne-Berit Riise, Askøy
«For ein lesefest det var! Historie, kunnskap og kjensler vevd ihop av dei varaste trådar, slik at det skimrar og varmar i deg lenge etter du er ferdig!»
-Isabella Pareliussen, Haramsøy
«God driv, ekte, nært og til ettertanke! Rett og slett vanskelig å legge frå seg, og litt trist å bli ferdig med. Dette blir terningkast 6 frå meg.»
-Helen Berg, Skodje
«Edvard Hoem skreiv «Slåttekar i himmelen», Anne Karin Elstad skreiv «Folket på Innhaug», Toril Brekke skreiv «Sara»….alle desse bøkene er historiske romanar som handlar om livet på bygdene på 18-1900-talet. Dei skildrar det strevsomme livet på gardane, glede, sorg, kjærleik og forhold mellom generasjonane. Fengande bøker ein knapt klarer å legge frå seg. I går la eg frå meg endå ei bok i same sjangeren….ei bok om Marie frå Bjørke. Det var vanskeleg å legge ho frå meg for eg hadde så inderleg lyst å lese meir. Forfattaren frå Sæbø klarte å drage meg inn i ei historie som fenga meg så til de grader….eg såg for meg personane, plassane, husa, roma, markane, vekstane…ja, alt kom til syne mellom linjene eg las. Fantastisk og gripande fortalt» -Inger Lid Riise, Bergen’
««Trådar av Marie» ble umulig å legge fra seg og jeg kjente hvor sterke inntrykk persongalleriet gjorde og hvor godt forfatteren fortalte historiene deres. Han skriver utrolig godt.» -Rigmor Heggdal, Bergen
«Denne boka engasjerte og beveget meg dypt. Det har vært så sterkt og gripende å få følge Maries livstråd med alle de dramatiske og voldsomme hendelsene i livet hennes ... Forfatteren beskriver Maries tanker på en ærbødig og følsom måte. Du ser nesten for deg hvordan han sitter og lytter seg inn i livet hennes ... Jeg ble fylt av dyp ærefrykt og medfølelse mens jeg leste ... en gave.» -Astrid Marte Kippersund, Nesttun
"Utrulig flott bok, mann! Lengste diktet han har skrive. Frå slektsroman til lokalhistorisk roman. Ny sjanger. Ein nybrotsmann i litteraturen."
-Geir Frøysedal - Bokmannen i Volda

