Den dagen Nils Vik døde

Snikkikk med Frode Grytten

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Snikkikk med Frode Grytten

Over fjorden går han. Over fjorden utan å nøle. Over fjorden som så mange gongar før. Seint og tidlig. Morgon og kveld. I storm og stille. Mot aust og mot vest. Bare måsane følger han, dei mumlar og klagar, verkar unaturlig kvite der dei heng over båten. Nils Vik snur seg. Huset glir straks ut av syne. Neste gong han snur seg, vil han ikkje kunne sjå det.

I hjartet av Norge legg ein båt frå land. Vi følger Nils Vik på hans siste reise. Han er ein enkel mann med ein enkel jobb. Han skal få folk over fjorden med båten sin, han skal få dei heim igjen. Men det som ser enkelt ut, viser seg gjerne å vere meir komplisert.

Den dagen Nils Vik døde er ein dødsmeditasjon over eit liv og eit landskap, og ei vakker kjærleikshistorie.

Frode Grytten er ein av landets mest folkekjære forfattarar. Han har over 30 utgjevingar bak seg i dei fleste sjangrar, og har vunne mellom anna Brageprisen, Rivertonprisen og Nynorsk litteraturpris. Han har skrive i mange ulike sjangrar, og bøkene hans er omsette til 17 språk. Til hausten kjem han med sin fyrste roman på 10 år, Den dagen Nils Vik døde, som han skal lese frå i kveld.

Litteraturhuset Wergeland Snikkikk høytlesning Skjønnlitteratur Gratisbilletter legges ut 11. juli kl. 9.00 https://litteraturhuset.ticketco.events/no/nb/e/den_dagen_nils_vik_doede_snikkikk_med_frode_grytten

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!