Draumen om Bjerke

Bjørn Hatterud og Tove Nilsen

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Bjørn Hatterud og Tove Nilsen

«Ein utilsikta kostnad av oppussingane er at det sosialt ureine er i ferd med å forsvinne ifrå gatene i byen. Dette er en prosess som også sakte skjer på Bjerke. Dei synleg sårbare folka forsvinn.»

I Blokka på Bjerke. Tretten år i tredje etasje skildrar Bjørn Hatterud ein bydel i klassereise. Bebuarane i blokka hans endrar seg frå dei gamle og trygda, krigsseglaren Bjarne og Ester som ein gong var ei fattigjente på Langøyene, til pene, joggande menneske med livet på stell. Og no som Hatterud sjølv skal flytte derfrå, er han også ein annan enn då han flytta inn som uføretrygda og fattig. Kva hender med byen vi bur i, når bydel etter bydel blir meir og meir strigla? Korleis kan vi skape ein by som framleis har rom for dei som faller utanfor A4-malen? Og korleis skrive om arbeidarklasse og trygda utan å eksotisere eller romantisere?

Bjørn Hatterud er forfattar, kunstkritikar, kurator og musikar. Han har gitt ut Mot normalt og Mjøsa rundt med mor, ei sjølvbiografisk memoarbok om å være homofil med funksjonsnedsettingar i arbeidarklassa i Brumunddal, som begeistra lesarar og kritikar stort. I Blokka på Bjerke fortsett Hatterud utforskinga av klasse, identitet og det å høyra til.

Forfattar Tove Nilsen har sjølv skrive mykje om Oslo-livet, blant anna inspirert av sin eigen oppvekst på Bøler. No møtes Hatterud og Nilsen til samtale om å bu i blokk, klasse og endringar i byane.

Litteraturhuset Berner (u. et) https://litteraturhuset.ticketco.events/no/nb/e/draumen_om_bjerke_bjoern_hatterud_og_tove_nilsen Skjønnlitteratur

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!