Eit anna blikk Afghanistan

Forfattarmøte for VGS

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Forfattarmøte for VGS

I eit flyktningmottak i Nord-Norge møter vi to svært ulike afghanske gutar som blir nøydt til å bu på same rom. Etter kvart blomstrar det opp eit vennskap mellom de to gutane, og vi får eit innblikk i ei ungdomstid som er svært annleis enn den norske. Men det store spørsmålet er: Får dei bli i Norge?

Erlend Skjetne jobbar til dagleg med norskopplæring for flyktningar. Denne hausten har han skrive si første ungdomsbok om eit viktig og høgaktuelt tema. Det er 20 år sidan krigen i Afghanistan starta, og under ein månad sidan Taliban tok over styringa i landet.

Flyktningkrisa i Afghanistan har aldri vore over, men har på ny vorte aktualisert óg i Norge. Men korleis er eigentleg kvardagen for ein flyktning i Norge?

Vi har invitert forfattar og lærar Erlend Skjetne til å prate om den nye boka si Eit anna blikk, om flukt og Afghanistan.

Skolebesøket er tilpassa vidaregåande trinn, og varer i ca 45 minutt.
Det blir tre forfattermøter begge dagene torsdag 23. september og 24.september: kl. 9.30, kl. 10.45 og kl.12.00. Varighet cirka 45 minutter.

Gratis for påmelde skoleklasser.
Send e-post til skole@litteraturhuset.no for meir informasjon og påmelding.

Skolebesøka er støtta av Sparebankstiftelsen.

Litteraturhuset Wergeland Gratis med påmelding Skolebesøk For barn og unge

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!