Eit vilt og poetisk liv

Nærlesning av Sissel S. Bjugn

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Nærlesning av Sissel S. Bjugn

Eg vil sitte i den nordnorske blåsten
og dikte til eg også får ein lort i posten.

Sissel Solbjørg Bjugn (1947–2011) skreiv om kjærleik, politikk, kjønnsroller, skrift, erotikk og tru. Litteraturen hennar, frå surrealistiske dikt til sjølvutleverande kronikkar, er prega av intertekstualitet, språkleik og diktarleg overskot. Som ho sjølv sa det: «Solbjørg vil skrive realistisk. Bjugn vil skrive surrealistisk. Sissel vil skrive katolsk. Vi får prøve å sameine oss.»

Forfattar Kristin Auestad Danielsen har latt seg inspirere av Bjugn i eiga skriving. Forfattarkollega og venn Tor Eystein Øverås står bak biografien og tekstsamlinga Skrive, teikne, røre og slåst! Av og om Sissel Solbjørg Bjugn. No møter dei journalist i Klassekampen Astrid Hygen Meyer til eit dykk i ein unik og original forfattarskap.

Litteraturhuset Kjelleren Nærlesning Billett https://litteraturhuset.ticketco.events/no/nb/e/eit_vilt_og_poetisk_liv_naerlesning_av_sissel_s_bjugn

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!