Forfattarmøte med Camara Lundestad JoofFoto: Maria Gossé
Skolebesøk

Forfattarmøte med Camara Lundestad Joof

bookmark

Skulebesøk for vidaregåande skule

tirsdag 8. oktober 2019, kl. 09:30 til torsdag 10. oktober 2019, kl. 12:45

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis med påmelding

Kjære bror. Gjennom heile oppveksten i dei kvite heimane kalla dei oss negerbarna. Det blei sagt leikande og vart, med kjærleik. Mens tremenningar og fetrar fekk vere barna til onklar og barna til tanter, var vi alltid negerbarna til mamma.

Slik opnar Camara Lundestad Joof boka Eg snakkar om det heile tida, ein sjeldan hardtslåande tekst om korleis rasismen ho opplever infiserer kvardagen hennar, påverkar måten ho tenkjer på – om møtet med alle dei små tinga, blikka, alt det subtile, men også om å bli banka opp av nynazistar.

Camara er scenekunstnar, dramatikar og forfattar. På Litteraturhuset snakkar ho om korleis forskjellsbehandling og rasisme set seg i kroppane det gjeld, set seg i hovuda. Og kan ho nokon gong fri seg sjølv frå spørsmålet om hudfarge?

Det blir forfattarmøte tysdag 8., onsdag 9. og torsdag 10. oktober kl. 9.30, 10.45 og 12.00. Møtet er for elevar frå vidaregåande skule og varer om lag 45 minutt. Påmelding til skole@litteraturhuset.no.