Forfattarskulen les!
Opplesing med Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring
Første kull ved Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring avsluttar året med ope publikumsarrangement på Litteraturhuset i Oslo 26. november. Kom og høyr studentane lese eigne tekstar dei har skrive gjennom året. Forfattarskulen er eit samarbeid mellom Minotenk og Samlaget, med målsetting om ein meir mangfaldig litteratur og ein rikare offentleg samtale.
Arrangementet er støtta av Bergesenstiftelsen.