Holebjørnens klan

Slik Camara Lundestad Joof og Sandra Kolstad ser han

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Slik Camara Lundestad Joof og Sandra Kolstad ser han

«Jordas barn»-serien til Jean M. Auel om steinalderlivet i Europa, betre kjend som Holebjørnens klan, har for fleire generasjonar unge kvinner vore ein veg inn i verda til dei vaksne, både litterært og seksuelt. Oppdaging av elden, planter som prevensjonsmiddel og bankande mannlege lemmar, kva finn ein ikkje omtala i steinalderromanane?

Forfattar, scenekunstnar og dramatikar Camara Lundestad Joof er ein ekte disippel av holebjørnen og fekk første bok i handa av bestemor si tidleg i tenåra, med ein ymtande dult i sida. Denne kvelden fortel ho historia om Cro-Magnon-jenta Ayla og hennar veg frå ungjente til vaksen kvinne.

Popartist, komponist og produsent Sandra Kolstad har tidlegare skrive musikk til fleire teaterstykke og framsyningar, ikkje minst tingingsverket Den politiske kroppen i høve 10-årsjubileet til Litteraturhuset. Ho akkompagnerer Joofs framsyning med sjølvskriven taffelmusikk og synthkomp. Saman serverer dei ein kveld med sterke kjensler og store litterære sprang om ungdomstid, røynsle og om korleis slekt følgjer slekters litterær-erotiske gang.

Se en smakebit på arrangementet her:

Litteraturhuset Wergeland Billett https://litteraturhuset.ticketco.events/no/nb/e/holebjoernens_klan_slik_camara_lundestad_joof_og_sandra_kolstad_ser_han

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!