Hvordan ble boka til?Foto: Dan Aksel Jacobsen

Hvordan ble boka til?

bookmark

Bokas 2000 årige historie på 45 min

torsdag 24. oktober 2019, kl. 18:00 til kl. 19:30

Sal: Kjelleren

Arrangør: Verbum Forlag

Inngang: Gratis

Velkommen til lansering av Hans Johans Sagrustens bok «Boka om boka».

Kvifor bruker vi bøker og ikkje skriftrullar? Kva har moderne lesebrett med antikkens skrifttavler å gjera? Og hadde dagens bøker sett heilt annleis ut om ikkje dyreskinn var avlange? Slike spørsmål tek Hans Johan Sagrusten opp i den nye boka «Boka om boka».

Boka om boka handlar om gamle skrivemateriale som papyrus og pergament, om vokstavler og skriftrullar – men òg om oss sjølve. For historia om boka er samtidig historia om vår eigen kultur. Gjennom to tusen år har Bibelen påverka skriftkulturen og vore pådrivar for den teknologiske utviklinga i bokkunsten. I denne store boka har ein alltid brukt berre det beste av skrivematerialar, det vakraste av kunsten, det nyaste av teknologi – alt dette som har forma både bokkunsten og våre eigen kultur.

Hans Johan Sagrusten (f. 1970 i Vågå) er forfattar og foredragshaldar, teolog og bibelomsetjar. Han har skrive er rad med populærvitskaplege bøker om Bibelen, som Det store puslespillet (2014), Det store puslespelet II (2016), Den skjulte skatten (2017) og Spor av Jesus (2018). Bøkene hans er seks gonger innkjøpt av Norsk Kulturråd. Sidan 2019 er han forlagssjef i Verbum Forlag, landets eldste forlag, som fyller 200 år i 2020.