Keeperen og havet

Med Maria Parr og Liv Gulbrandsen

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Med Maria Parr og Liv Gulbrandsen

Hugsar du boka Vaffelhjarte, som òg vart vist som serie i barne-TV på NRK? Keeperen og havet er den nye boka til Maria Parr, og her får du endeleg møte Lena og Trille att. No er dei blitt tolv år og Lena er keeper på fotballaget. Ho er som alltid den som får ting til å hende i den vesle bygda. Det kan bli litt mykje, synest Trille.

Lena har vore på Kreta i sommarferien og lært seg engelsk, og no er det på tide at Knert-Mathilde får meir kontakt med omverda. Ute på fjorden med farfar kastar dei ut ein flaskepost – kven veit, kanskje ein spanjol tar kontakt? Men den som ein dag ringjer på døra til Trille og får det til å kitle i magen, er den nye jenta frå Nederland, ho med dei fine krøllene.

Maria Parr vann Brageprisen for denne boka, og i dag kjem ho for å lese og fortelje korleis det går med vennskapet mellom Lena og Trille.

For barn frå seks år.

Litteraturhuset Kjelleren barn frå seks år. 30,- høytlesning For barn og unge https://litteraturhuset.ticketco.events/no/nb/e/keeperen_og_havet

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!