Kristin Fridtun tar eit feministisk djupdykk i Håvamål
Eddadiktet Håvamål har vore folkelesnad og pensum i mange generasjonar. Dei fleste av oss les diktet i omsett form, men kven er det som står bak omsetjingane? Og korleis har omsetjarane valt å framstilla dei få kvinnene som er med i diktet?
Forfattar og norrønfilolog Kristin Fridtun er ein ihuga lesar av eddadikta. For nokre år sidan la ho merke til at den kvinnelege Håvamål-figuren Billings møy var framstilt litt annleis i norske omsetjingar enn i den norrøne teksta. Var ikkje møya vorten litt penare i dei norske utgåvene? Og litt dummare?
Fridtun tok til å saumfara utgåver på andre språk. Då dukka fleire spørsmål opp. Kvifor er det nesten berre menn som har omsett eddadikt til skandinavisk? Kvifor er Billings møy naken i illustrasjonane? Og kva veit vi eigentleg om henne?
Klok kvinne eller digg dame er ei lita bok om tre store tema: kjønn, omsetjing og norrøn litteratur. Fridtun tek oss med inn i den norrøne versjonen av diktet – her kjem vi så tett på ei Håvamål-strofe som vi aldri før har vore. Ho viser oss kva omsetjarane har å baksa med, samanliknar løysingane deira og diskuterer vala dei har gjort. I sentrum for det heile står Billings møy, ein lite kjend kvinnefigur som no vert lyft fram i lyset.
I dette føredraget fortel Fridtun om boka og gjev oss smakebitar frå omsetjingane.
Arrangementet er gratis. Boksal