MerkurFoto: Fence book. Bearbeidet av Gladesigner

Merkur

bookmark

Snikkikk med Ariana Reines

tirsdag 9. juli 2019, kl. 18:00 til kl. 19:00

Sal: Kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Den amerikanske poeten Ariana Reines har rokke å bli eit fenomen i USA. Ho har på kort tid etablert seg som ei stemme for ein ny generasjon amerikanske kvinner både litterært og som feministikon. Kveldens Snikkikk er med andre ord av det heilt eksklusive slaget.

Det er den norske gjendiktinga av Reines diktsamling Merkur som er høvet: Anna Kleiva har gjeve dikta norsk språkdrakt, og utgjevinga er rett rundt hjørnet.

Merkur er guden for handel, marknad og rikdom i romersk mytologi. Han er òg bodberar mellom gudane og verda til menneska, ein trickster, på gresk kalla Hermes. På same måte er kvikksølv – mercury på engelsk – omskifteleg, eit grunnstoff som kan danne amalgam og, innanfor alkymien, gull.

Kvikksølv representerer ånda, det kvinnelege og det flytande. I ein vekselvis gåtefull og direkte stil krinsar det lyriske eg-et rundt tema som venleik og liding, det ustabile og dekonstruerer dikotomien mellom det heilage og det verdslege.

Merkur er den tredje av i alt åtte diktsamlingar Reines har publisert. Ho har òg skrive tre teaterstykke og arbeider også som gjendiktar. For debutsamlinga Cow (2006) vann ho Fence’s Alberta Prize.

Arrangementet går føre seg på engelsk.