Mylder av migrasjonarFoto Samlaget/Bonnier Carla Orrego Veliz

Mylder av migrasjonar

bookmark

Med Gloria Gervitz og Athena Farrokhzad

onsdag 5. februar 2020, kl. 19:00 til kl. 20:30

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Priser: Ordinær 100,-Student 75,-

Den mexicanske poeten Gloria Gervitz har skrive på det same diktet i over førti år. Langdiktet Migrasjonar tek utgangspunkt i historia til Gervitz’ eigen jødiske familie, som flykta frå jødeforfølgingane i Aust-Europa tidleg på 1900-talet. Møt den legendariske diktaren i samtale med Athena Farrokhzad.

Migrasjonar er eit av vår tids største poetiske prosjekt – eit dikt i stadig forflytting, gjennom slekt, religion, død og seksualitet, men også gjennom stadig nye utgjevne versjonar. Gervitz blandar ulike tider, tradisjonar, språk, alfabet og røyster og tek lesaren gjennom eit mylder av fluktruter og reiser, draumar, minne og landskap.

Prosjektet har blitt samanlikna med Walt Whitmans livsverk Leaves of Grass og har tydelege allusjonar til latinamerikanske forfattarar som Clarice Lispector, Alejandra Pizarnik og Jorge Luis Borges. Siste utgåve av Migraciones kom ut i Chile i 2019, samstundes som Gervitz fekk Pablo Neruda-prisen. Det er denne versjonen den norske gjendiktinga av Helene Hovden Hareide byggjer på, den fyrste omsetjinga av diktverket på norsk.

Stadig nye versjonar av diktet oppstår på språk som tysk, engelsk, arabisk og svensk. I Sverige, som alt har rokke å gje ut to versjonar av diktet, har Gervitz oppnådd kultstatus dei seinaste åra. I kveld møtest Gervitz og den svenske poeten Farrokhzad, som held Migraciones som eitt av sine favorittverk.